Terje Lien Aasland

Terje Lien Aasland

Fødd15. februar 1965 (59 år)
Skien kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Terje Lien Aasland (fødd 15. februar 1965 i Skien) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009.

Lien har bakgrunn som energimontør og tillitsvald i fagrørsla. Frå 1982 til 1994 var Aasland lærling og seinare energimontør ved Skiensfjordens Kommunale Kraftselskap. Han er distriktssekretær i LO i Telemark, og var dessutan medlem av kommunestyret i Skien frå 1991 til 2003. Han var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet 1998-2000.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search